Nye frontar
i miljøsaka
Vi som er opptekne av klassisk naturvern og vil sikra mest mogeleg urørt natur, står overfor ein ny motstandar: teknologioptimistiske miljøorganisasjonar som spelar på lag med næringslivet.
På same måte som bøndene i dag må kjempa mot miljøorganisasjonar som dei før var på lag med, men som no ser på husdyr på norske fjellbeite som ein klimatrussel, må dei klassiske naturvernarane no kjempa mot miljøorganisasjonar som Zero og deira allierte. Det er nye frontar på gang.
Vi ser det særleg i vindenergidebatten, der Zero, med ei rekkje «partnarar» som Mercedes, Asco, Norcem og SAS, er ein av pådrivarane for ei storstilt utbygging av vindturbinar langs kysten vår. Argumentasjonen er at det ikkje er vindturbinane som trugar norsk natur, men klimaendringane.
Diverre er sjansen stor for at Zero og medspelarane deira får gjennomslag. For klimaargumentet trumfar det meste i dag. Dessutan ser det ikkje ut til at folk flest er viljuge til å bruka mindre energi. Det er lettare å få gjennomslag for fleire vindturbinar enn å få folk til å ta færre flyreiser.
Interesseorganisasjonen for meir vindkraft, Norwea, meiner spørsmålet om vindturbinar i naturen er stygt eller ikkje, «kommer an på øynene som ser», og at fleire og fleire ser på vindturbinane som «et moderne symbol på en bærekraftig utvikling». Norwea har kledeleg illustrert saka si med ei ung kvinne med høyretelefonar som blid og glad joggar mellom vindturbinane ut mot havet.
Diskusjonen om kva som er fint og ikkje, er nyttelaus, det vert påstand mot påstand. Det gyldige argumentet mot ei storstila vindkraftutbygging er vernet om naturen i seg sjølv og verdien av urørt natur. Utbygging av vindturbinar bør koma der naturen alt er forringa. Vona er at kommunestyra langs kysten vår er samde i dette og ikkje lèt seg kjøpa av vindkraftselskapa.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?