Ny lønsfest blant direktørane

Publisert

Så er det på nytt avsløringar om høge leiarløner. I Statkraft er det som vanleg bonanza kvart år – 2021 var ikkje noko unntak. Konsernsjefen fekk 5,8 millionar i årsløn, pluss bonus på 800.000. Gratulerer!

Ein skulle tru at styreleiaren i Statkraft, Thorild Widvey, ein tidlegare kulturminister, var meir nøktern med pengebruken, men der tok vi altså feil.

Bonanza har det òg vore i mat- og slakteriselskapet Nortura. Der fekk konsernleiinga, ifylgje Nationen, 9 millionar til saman i såkalla «resultatbasert lønn». 1,1 av desse millionane gjekk til konsernsjefen, i tillegg til årsløna på 3,4 millionar. Ho fekk fri bil òg, det skulle berre mangla. Gratulerer!

Nortura er eigd av bøndene. «Bondens eget selskap – solidarisk samvirke. Et solidarisk eierfellesskap hvor vi deler byrder og gevinster likt», som dei skriv så fint på nettsidene sine. Teori og praksis stemmer vel ikkje heilt overeins? Samvirket er iallfall ikkje som før.

Kanskje styret i Nortura skulle ha kikka litt på lønene til leiinga i konkurrenten Fatland. For det går an å få direktørar til å jobba for eit slakteriselskap til ein lågare pris enn det styret i Nortura har fått til. Konsernsjefen i Fatland tente 1,3 million i 2021.

Utruleg nok sit det ni bønder i styret i Nortura som har diskutert, styrehandsama og vedteke lønsregimet til konsernleiinga. Men i år tyder mykje på at Nortura kjem til å gå i minus, så då syter vel styret for at direktørkorpset i selskapet får eit skikkeleg trekk i løna? Vi få venta og sjå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement