Ny gransking av Libya-krigen
I september 2018 kom evalueringsrapporten om den norske Libya-krigen, tinga av Stortinget og med tidlegare utanriksminister Jan Petersen (H) som utvalsleiar. Rapporten var så ukritisk og forsonande at han ikkje kunne bli ståande som siste ord i saka.
Difor er den nye boka om Libya-krigen som kom førre veke, viktig. Boka går i rette med fleire av konklusjonane til Petersen-utvalet og konkluderer med at krigen ikkje berre var uansvarleg sett i ettertid, men òg ut frå kunnskapen som fanst då han byrja.
Som ei oppfølging av boka har Dag og Tid teke kontakt med medlemer av regjeringa frå mars 2011, dåverande opposisjonsleiarar og dei som tok ordet då Stortinget diskuterte krigen 29. mars 2011. Vi har spurt om det var rett av Noreg å vera med på bombeåtaka mot Libya våren og sumaren 2011.
Tydelegast svar har vi fått frå Karin S. Woldseth i Frp: «Svaret er heilt klart nei. Og kvifor seier seg sjølv. Vi deltok i noko vi sjølv ikkje såg omfanget og konsekvensane av. Dessverre.» All honnør til Woldseth for eit tydeleg svar.
Andre har ikkje svara i det heile. Somme har overraskande svara at dei ikkje vil kommentera dette spørsmålet. Fleire har svara at ettertida har synt at Noreg ikkje burde ha delteke i krigen, men at den kunnskapen dei sat med då, tilsa at det var rett å delta.
Det siste er å gjera det for lett for seg sjølv. For problemet er at den norske regjeringa og Stortinget ikkje sette seg godt nok inn i saka før dei gjekk til krig. Dei hadde ikkje gjort ei god nok rettsleg avklaring om kor langt FN-mandatet gjekk. Dei burde ha fått med seg at målet for Frankrike, Storbritannia og USA var regimeendring, at farane for eit folkemord var overdrivne, at då Stortinget i 29. mars diskuterte krigen, var målet med flyforbodssona alt nådd – å verna Benghazi, og at Den arabiske ligaen alt 20. mars fordømde bombinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.