Brexit-saka har ført til ei lagnadstung avgjerslekrise for Storbritannia. Same kva dei gjer, ser det ut til at det vert gale på ein eller annan måte. Så den som har skråsikre meiningar om kva landet no skal gjera, er det ikkje mykje verdt å lytta til.
Det naturlege er å fylgja opp resultatet frå folkerøystinga. Folket røysta for brexit, så då må politikarane retta seg etter det, enkelt og greitt. Eller ikkje?
Her kjem ein inn på eit tema som er interessant i norsk samanheng òg. For spørsmålet var sterkt framme i den norske EU-debatten i 1994: Skulle folkerøystinga vera bindande for Stortinget?
Mange på nei-sida meinte nei dersom det vart eit knapt fleirtal for innmelding. Fleirtalet for EU måtte vera stort nok for at eit nei-mindretal på Stortinget skulle røysta ja til ei så stor suverenitetsavståing som eit medlemskap i EU er. Nei-sida fekk mykje kritikk for dette synet, men standpunktet var greitt nok. Folkerøystinga i 1994 var rådgjevande.
Det same var folkerøystinga i Storbritannia i 2016. Og rådet folket gav, var ikkje eintydig slik resultatet var i 1975, då britane gjekk inn i EF etter at to tredelar røysta ja. England og Wales røysta ja til brexit i 2016, men Skottland og Nord-Irland røysta for medlemskap. Og ungdomen røysta dessutan i større grad for EU enn dei eldre.
I ettertid har det synt seg at det ikkje var så lett å få til gode avtalar med EU som brexit-kampanjen hevda. Særleg verkar det nesten umogeleg å få til ei fornuftig løysing på grensespørsmålet mellom Nord-Irland og Irland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.