NRKs utfordringar

Publisert

Medietilsynets rapport NRKs bidrag til mediemangfaldet, som vart lagd fram måndag denne veka, konkluderer med at det ikkje er grunn til å innskrenka handlingsrommet til NRK på nettet. Tilsynet meiner at konkurransen NRK bidreg med, er skjerpande og ikkje har negative verknader for andre medium.

Det er interessant at Medietilsynet kjem med konklusjonar som går imot interessene til dei store mediekonserna. Men at NRKs gratispublisering av nyhende- og aktualitetsstoff på nettet ikkje slår uheldig ut for nyhendemedia på nett som må ta betalt for det same tilbodet, er overraskande og vanskeleg å skjøna. Konklusjonane i rapporten er forskingsbasert og må takast på alvor. Det vil likevel ikkje seia at denne forskinga ikkje bør utfordrast og etterprøvast.

At NRKs gratisavis på nettet har verka skjerpande for andre medium, er derimot ikkje overraskande. Såleis har Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, rett i at konkurransen frå NRK kjem publikum og mediemangfaldet til gode.

Medietilsynet kjem i rapporten med fleire tilrådingar om NRK. Som at NRK bør få eit særskilt ansvar for å dekkja det regionale forvaltningsnivået, at kravet om 40 prosent norsk musikk bør utvidast til å gjelda fleire av radiokanalane i NRK, at dei må styrkja tilbodet til nasjonale minoritetar, styrkja synleggjeringa av kulturinnhaldet på alle plattformene og innfri krava til nynorskprosentdelen.

Dette er viktige tilrådingar, men her burde Medietilsynet ha utvida lista. Særleg sidan NRK no tilsynelatande legg meir og meir vekt på å konkurrera med VG om å vera den største nettavisa. Ein slik konkurranse vil forsterka tabloidiseringa av NRK.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement