Norsk gruvedrift

Publisert

Dag og Tid har hatt ein serie om tilgangen på mineral og metall som trengst for å produsera mykje av den moderne teknologien vår. Ikkje minst gjeld dette teknologi som trengst for å få til det grøne skiftet.

Ei stor utfordring er at få land produserer desse minerala og metalla. Til dømes leverer Kina 98 prosent av dei sjeldne jordartane som EU treng for å laga magnetar til vindmøller. Det er særs uklokt å gjera seg så avhengig av Kina og nokre få andre land på denne måten. Målet må difor vera at EU og Noreg får til ein større eigenproduksjon der det er mogeleg.

Noreg har mange førekomstar som kan utvinnast, og det manglar ikkje på utgreiingar som er gjorde av både noverande og førre regjering. Utfordringa er å skaffa investorar – og å få i gang produksjonen.

Og så har vi sjølvsagt miljøutfordringa. Der står vi overfor eit klassisk dilemma. Vi treng minerala for å produsera miljøvenleg teknologi, samstundes som utvinninga av dei same minerala kan vera naturøydeleggjande.

Vi må ta mineralproblemet på alvor og møta utfordringane på mange plan, men kjem ikkje langt utan overnasjonale ordningar, som felles reglar for bruk og gjenbruk av viktige metall og mineral. Vi treng felles standardar der produsentane vert pålagde større ansvar for at produkta skal kunna reparerast og vara lenger, og at minerala til slutt skal kunna gjenvinnast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement