Denne veka vart ei ung jente som har vore i Noreg i ni år, send ut av landet saman med familien. Foreldra har loge om bakgrunnen sin. Dei er ikkje statslause palestinarar frå Irak, slik dei hevda, men frå Vestbreidda eller Jordan. Vi har tillit til at vedtaket om avslag på asylsøknaden er korrekt. Men er tilbakesendinga ansvarleg?
Born må fylgja foreldra til dei er vaksne. Og eit barn greier godt å tilpassa seg nye omgjevnader. Men det går ei grense ein stad. Har du, som i dette tilfellet, budd her i ni år, må du få bli. Då har ein overstige grensa med god margin. Det er ikkje ansvarleg å utsetja dette barnet for utsending.
Stortinget har derimot valt ikkje å innføra ei konkret tidsgrense for kor mange år eit barn må bu i landet for å få rett til permanent opphald, uavhengig av om foreldra er reelle asylsøkjarar eller ikkje. Bør vi ha ei slik grense?
Norsk organisasjon for asylsøkjarar vil ha ei grense på tre år for skuleborn. Den grensa er for låg. Ein skulle tru at born fint klarer å flytta til eit nytt land etter tre år. Dessutan vil ei grense på berre tre år motivera ikkje-reelle asylsøkjarar til å trenera saka til ein er garantert opphald.
Men det problemet vil ein jo òg få om grensa vert sett til fem, seks eller sju år? Såleis er truleg heile ideen om ei definert tidsgrense dårleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.