Noreg ut av krigen

Publisert

USA har vedteke å trekkja resten av militærstyrkane som er att i Afghanistan, ut av landet innan 11. september. Utanriksministeren i USA, Antony Blinken, meiner at USA og Nato no har oppnådd målet dei har sett seg, og at tida er inne for å trekkja seg ut.

Blinken, som var ein av pådrivarane for Libya-krigen under Obama-regjeringa, eig knapt skamvit når han kan seia noko slikt. Å prøva å vri oppsummeringa av denne mislukka krigen på ein slik måte er uansvarleg og i strid med det som har hendt i Afghanistan dei siste 20 åra.

USA, Nato og Noreg skulle aldri gått til krig mot Afghanistan i 2001, men avgrensa seg til å bomba festningane, holene og skjulestaden til Osama bin Laden og Al Qaida i Tora Bora i Afghanistan.

Når USA no trekkjer seg ut, vil Noreg gjera det same. For som utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier: «Norge gikk inn i Afghanistan sammen med våre allierte, og vi vil trekke oss ut sammen.»

Det siste er sjølvsagt, det fyrste var eit stort mistak. Men det vil norske styresmakter aldri vedgå. Det er i og for seg forståeleg, for fleire norske soldatar har mista livet i Afghanistan, og då sit slike vedgåingar langt inne. Men som nasjon kan ikkje vi slå oss til ro med det når vi har delteke i ein krig i 20 år.

Det har vore gjort freistnader på å evaluera Noregs innsats i Afghanistan – som det såkalla Godal-utvalet i 2016. Men det kom det lite ute av. I oppfølginga av rapporten i Stortinget kom dåverande utanriksminister Børge Brende med frasar som «kvinners rettigheter i Afghanistan er blitt styrket» og det «finnes planer for å bekjempe korrupsjonen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement