Ei av dei viktigaste utsegnene i Europa i 2017 kom frå Angela Merkel 20. mai: «Dei tidene då me kunne lita på kvarandre, er over for ganske lenge sidan. Det har eg opplevd dei siste dagane. Europearane må ta lagnaden sin i eigne hender og sjølv kjempa for si eiga framtid».
Utsegna kom like etter at ho hadde møtt president Donald Trump for fyrste gong. Ho la til at venskapen med USA og Storbritannia, og eit godt grannetilhøve til andre statar som Russland, sjølvsagt var viktig. Men Merkels tale kan likevel ikkje mistydast. Europa må ta meir ansvar for eigen tryggleik. Vi kan ikkje lenger, etter Trump, berre lita på USA.
Måndag inngjekk 23 EU-land «i ljos av eit skiftande tryggingsmiljø» ein avtale om å styrkja EUs samarbeid på tryggings–?og forsvarsfeltet og få til auka koordinering og auka investeringar i forsvaret. Initiativet var teke før Trump kom til makta, men har gjeve avtalen auka aktualitet.
Sjølv om Nato og USA ynskjer samarbeidet velkome, er det liten tvil om at den nye europeiske forsvarsavtalen – Pesco – har potensial i seg til å vera starten på ein lausare europeisk forsvarsallianse med USA.
Kva gjer så Noreg oppi alt dette? Skal vi søkja medlemskap i Pesco? Det er det for tidleg å svara på. Avgjerande for Noreg vert kva Storbritannia gjer, ei viktig militærmakt som Noreg er sterkt knytt til. Britane har så langt sagt at dei ikkje vil inn i Pesco. Men den britiske statsministeren, Theresa May, har nyleg sagt at dei ynskjer eit nytt og nærare tryggingspolitisk samarbeid i Europa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.