Noreg i Mali

Publisert

Så er vi i gang igjen. Tysdag 13. juli vedtok regjeringa å senda ei gruppe soldatar og to offiserar til Mali. Ifylgje Forsvardepartementet skal personellet vera på plass i haust og delta i ein europeisk styrke, kalla Takuba, som har operasjonsområde i Mali, på grensa mot Niger og Burkina Faso.

Folkerettsleg er grunnlaget for styrkane ein invitasjon frå Mali. Det uttalte målet til regjeringa er å hindra at militante islamistgrupper skal få endå betre feste i Sahel-området. Regjeringa grunngjev vedtaket med at det er «en meget krevende situasjon for Mali. Det er nettopp i slike tider at verdien av internasjonal tilstedeværelse er høy, for å følge opp bestrebelsene for å hjelpe Mali med deres sikkerhetsutfordringer».

Noreg har i fleire år vore knytt til ein FN-misjon i Mali med personell og materiell. Men som Cecilie Hellestveit skreiv i Dag og Tid tidlegare denne månaden, Tabuka-styrken er noko anna. Det er ikkje ein FN-styrke, men i utgangspunktet ein fransk styrke som er invitert inn for å nedkjempa terror i området. Franskmennene, som har kolonihistorie i landet, har slite med dette oppdraget i årevis og vil fordele byrdene på fleire europeiske land.

Det er ingen tvil om at Mali er i ein svært vanskeleg situasjon. Terrororganisasjonar som IS og Al Qaida vert stadig sterkare i delar av Afrika – også i Mali. Og det er klart at å halda IS og Al Qaida i Mali og områda rundt, er viktig for Europa for å sikra stabilitet i Sahel og førebyggja migrasjon og flyktningkriser.

Men Noreg burde likevel ha takka nei. Éin ting er at vedtaksprosessen har vore for spinkel. Skal Noreg delta i militære styrkar på andre kontinent, bør slike vedtak opp i Stortinget og forankrast i ein brei offentleg debatt.

Men vedtaket er uklokt same kva. Situasjonen i landet er for uklar og konfliktlinene skiftande. Føremåla med operasjonen er dessutan for vage, og det er uklart kor langt Noreg må vera viljug til å gå i bruk av militære verkemiddel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement