Noreg i Mali
Så er vi i gang igjen. Tysdag 13. juli vedtok regjeringa å senda ei gruppe soldatar og to offiserar til Mali. Ifylgje Forsvardepartementet skal personellet vera på plass i haust og delta i ein europeisk styrke, kalla Takuba, som har operasjonsområde i Mali, på grensa mot Niger og Burkina Faso.
Folkerettsleg er grunnlaget for styrkane ein invitasjon frå Mali. Det uttalte målet til regjeringa er å hindra at militante islamistgrupper skal få endå betre feste i Sahel-området. Regjeringa grunngjev vedtaket med at det er «en meget krevende situasjon for Mali. Det er nettopp i slike tider at verdien av internasjonal tilstedeværelse er høy, for å følge opp bestrebelsene for å hjelpe Mali med deres sikkerhetsutfordringer».
Noreg har i fleire år vore knytt til ein FN-misjon i Mali med personell og materiell. Men som Cecilie Hellestveit skreiv i Dag og Tid tidlegare denne månaden, Tabuka-styrken er noko anna. Det er ikkje ein FN-styrke, men i utgangspunktet ein fransk styrke som er invitert inn for å nedkjempa terror i området. Franskmennene, som har kolonihistorie i landet, har slite med dette oppdraget i årevis og vil fordele byrdene på fleire europeiske land.
Det er ingen tvil om at Mali er i ein svært vanskeleg situasjon. Terrororganisasjonar som IS og Al Qaida vert stadig sterkare i delar av Afrika – også i Mali. Og det er klart at å halda IS og Al Qaida i Mali og områda rundt, er viktig for Europa for å sikra stabilitet i Sahel og førebyggja migrasjon og flyktningkriser.
Men Noreg burde likevel ha takka nei. Éin ting er at vedtaksprosessen har vore for spinkel. Skal Noreg delta i militære styrkar på andre kontinent, bør slike vedtak opp i Stortinget og forankrast i ein brei offentleg debatt.
Men vedtaket er uklokt same kva. Situasjonen i landet er for uklar og konfliktlinene skiftande. Føremåla med operasjonen er dessutan for vage, og det er uklart kor langt Noreg må vera viljug til å gå i bruk av militære verkemiddel.
Noreg har så langt forplikta seg til å vera eitt år i Mali. Det kan vera at Noreg trekkjer seg ut neste år, men då har dei i så fall oppnådd lite. Denne konflikten vert ikkje løyst innan den tid. Den vesle kontingenten regjeringa vedtok å senda ned i sommar, kan såleis fort verta byrjinga på eit langvarig engasjement. Det er difor merkeleg at denne saka ikkje er ein del av valkampen.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.