No gjeld det å halda att

Publisert Sist oppdatert

Norge har hatt nesten 40 prosent vekst i CO2- utsleppa dei seinaste tjue åra. Vi er mellom dei landa i OECD som har hatt den største prosentvise veksten. Og utsleppsauken held fram.

Likevel vil regjeringa, med statsministeren og oljeministeren i spissen, opna for endå meir oljeutvinning. Denne gongen i eit heilt nytt område: Barentshavet søraust.

Og potensialet er stort – tilsvarande åtte felt på storleik med Goliatfeltet på Tromsøflaket nordvest for Hammerfest. Dei uoppdaga olje–?og gassressursane i Barentshavet vert med dette auka med 30 prosent. Alt etter opplysningar frå Olje–?og energidepartementet, som sjølvsagt har gjort «omfattende konsekvensutredninger».

Denne ekspansive olje–?og gasspolitikken er provoserande når Det internasjonale energibyrået fortel at to tredjedelar av verdas fossile ressursar må liggja urørde om vi skal nå målet om å hindra at den globale gjennomsnittstemperaturen stig meir enn to grader.

Eitt av dei viktige skilja i norsk politikk bør no gå mellom dei som framleis vil satsa stort på olje–?og gass-utvinning, og dei som vil halda att. Regjeringa har i åtte år tydeleg vist kvar ho står. Regjeringa meiner at «mye av vår felles fremtid ligger under havbunnen i vår nordligste petroleumsprovins». Høgre og Framstegspartiet ligg på same lina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement