Det er vanskeleg å skjøna at lønene til toppleiarane i Norges Fotballforbund må vera så høge som dei er. 2,7 millionar kroner kostar generalsekretæren NFF. Og dei høge lønene er ikkje noko nytt. Egil «Drillo» Olsen hadde rundt tre millionar i løn då han var landslags-trenar.
Og dette er til folk som rosar og hyllar breiddefotballen, dugnadsånda, innsatsen til lokale entusiastar, alle dei friviljuge som sel pølser og vaflar rundt om kring på alle mogelege små og store fotballkampar – som når generalsekretær Kjetil Siem i årsmeldinga takkar «alle dere tusener av tillitsvalgte og frivillige som står på for å gi barn og unge over hele landet et godt aktivitetstilbud».
Vi trur dei fleste er sterkt kritiske til lønene i NFF, sikkert òg mange av styremedlemene i NFF. Kvifor skjer det likevel? Av di dugnadsånda, breiddefotballen og pølsesalet berre er éi side ved norsk fotball og NFF. I dag er Fotballforbundet gjennomkommersielt og fullt av pengar.
Dei store inntektene til NFF kjem ikkje frå dugnader, men frå sal av TV-rettar. Medieavtalane til NFF har for tida ei totalramme på 1,6 milliardar kroner over fire år. Og då er ikkje sal av rettane til landskampane inkludert. I ein slik situasjon er det ikkje like lett å vera varsam med pengebruken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.