Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Nei til væpna politi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1664
20211022
1664
20211022

Ville fast væpning av politiet kunne ha hindra dei tragiske drapa på Kongsberg? Det kan vi sjølvsagt ikkje svara på før heile hendinga, og politiets rolle på staden, er kartlagd i detalj.

Men drapa aktualiserer likevel på nytt spørsmålet om væpning av politiet. Og om opplæringa og kulturen internt i politiet gjer at dei er for avventande til å ta i bruk våpen og skyta mot folk i kritiske situasjonar.

Politiets Fellesforbund ynskjer væpning av politiet. Det er eit synspunkt ein skal ta på alvor når det kjem frå folk som lever med problemstillinga til dagleg. Særleg når ein ser at trugselbiletet har endra seg til det verre det siste tiåret, noko som har ført til mange periodar med mellombels væpning av politiet. Noreg er dessutan snart åleine i verda om å ha eit politi som ikkje ber våpen fast på kroppen.

Likevel bør ein halda fast ved at politiet ikkje har våpen på seg i vanleg teneste, men berre har med seg våpen i politibilane til bruk i naudsituasjonar og etter ordrar.

Dette synet vart støtta på nytt etter at væpnings­utvalet kom med den offentlege utgreiinga Politi og bevæpning – Legalitet, nødvendighet, forholdsmessighet og ansvarlighet i 2017. Berre éin i utvalet føreslo at politiet til kvar tid kan bera med seg uladd våpen på kroppen.

Det er ein stor kvalitet ved det norske samfunnet at politiet berre ber våpen i særskilde tilfelle. Det gjev politiet eit sivilt preg, noko som kan bidra til at færre kriminelle skaffar seg våpen. Dessutan minskar det sjansane for at politiet skadar eller drep folk ved eit uhell, eller at våpenbruken synte seg å vera unødvendig og basert på feilvurderingar.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis