Neglisjerer praktisk fagkunnskap
Så har vi fått eit nytt namn som kan leggjast til dei mange problematiske og altfor dyre offentlege byggje- og utviklingsprosjekta i landet vårt: Helseplattformen AS. Selskapet vart skipa i 2019 og er eigd av Helse Midt-Noreg og kommunar i regionen.
Føremålet er å laga ein felles pasientjournal og eit felles system for fastlækjarane, kommunane og sjukehusa i landsdelen. Eller som Helseplattformen AS sjølv seier det: å bidra til «et kvantesprang for utvikling av helsetjenester og til stor nytte for innbyggerne». Ikkje noko mindre.
Men i kva grad dette er eit kvantesprang i positiv retning er det mildt sagt sterk usemje om. Plattforma har heilt sidan prosjektet starta opp, møtt tydeleg og stor motstand frå medisinsk fagpersonell i Midt-Noreg.
Kritikken handlar om at bruken av plattforma er for tidkrevjande og lite brukarvenleg. Som i mange andre yrke, ikkje minst læraryrket, skal det meste no dokumenterast og rapporterast til minste detalj. Det tek sjølvsagt tid og ressursar, noko som kunne vore nytta til konkret medisinsk arbeid.
Monica Engstrøm, tillitsvald for overlækjarane ved Kirurgisk klinikk på St. Olavs hospital, skriv no på leiarplass i Tidsskriftet for Den norske legeforening at tidsbruken og tapet av effektivitet som plattforma fører til, no trugar pasientryggleiken.
Statsforvaltaren greier no ut om plattforma fører til fare for liv og helse. Styreleiar i Helse Midt-Noreg seier så langt at dei vil gje sjukehusa litt meir tid til feilretting og opplæring, men er sjølvsikker og seier at «vi har ikke tenkt å endre kurs».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.