Det britiske brexitkaoset held fram. Tysdag denne veka vart som venta det nye framlegget til avtale mellom EU og Storbritannia avvist av Underhuset. Onsdag vedtok parlamentet at ein ikkje skulle gå ut av EU utan avtale. I går, etter at Dag og Tid gjekk i trykken, røysta dei om ei eventuell utsetjing av fristen frå 29. mars til 30. juni. Kva det heile endar med til slutt, er heilt uklart.
Uansett kan ein konkludera med at brexitprosessen så langt har vore eit nederlag for demokratiet. Sjølve brexitvalkampen var prega av overdrivingar og feilinformasjon som gjorde det vanskeleg for folk å skjøna kva som var sannsynlege følgjer av ei britisk utmelding av EU.
Diverre må ein seia at valkampen vart eit solid argument mot folkerøystingar i slike kompliserte spørsmål, særleg sidan ein ikkje hadde eit konkret avtaleutkast å ta stilling til. Dinest syner alt rotet i etterkant kor sårbart demokratiet er om ikkje dei folkevalde aktivt søkjer å få til ei sameint løysing på tvers av partifraksjonane og partigruppene, til beste for landet.
Til no har vi makta dette i Noreg. Hjå oss har eit stort politisk fleirtal på Stortinget laga breie kompromiss i viktige saker som har følgjer for landet i lang tid framover. Evna til slike kompromiss er avgjerande for å sikra stabilitet og ei mest mogeleg føreseieleg utvikling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.