Nato, Noreg og Stoltenberg
Med Jens Stoltenberg får Nato ein generalsekretær frå eit svært lojalt Nato-land. Det var Noreg under den kalde krigen, og det har vi ikkje minst vore dei seinaste ti–femten åra.
Les berre kva den tidlegare Nato-ambassadøren og spesialutsendingen til FN i Afghanistan, Kai Eide, sa til Dag og Tid i 2010. Då var han midt imellom to jobbar, på veg tilbake til Utanriksdepartementet, men noko friare enn han elles ville ha vore og kunne skriva kva han meinte om USA, Nato og Noregs Afghanistan-eventyr: «Størstedelen av den tida eg sat i Nato-delegasjonen, representerte eg ei regjering (Bondevik II-regjeringa med Jan Petersen som utanriksminister og Kristin Krohn Devold som forsvarsminister, red.merk.) som ikkje var innstilt på kritikk av USA. Frykta for å fornærma supermakta USA er stor internt i Nato. I Nato har vi ein tendens til å stilla altfor få kritiske spørsmål.»
Den ukritiske norske lina toppa seg med Kristin Krohn Devold, men heller ikkje regjeringane til Stoltenberg merkte seg ut med særleg kritikk av Nato og USA – og det i ei tid då Nato tok del i svært så tvilsame krigar i Afghanistan – også Libya.
I Libya-krigen var Noreg eitt av to land, forutan USA, som stod i bresjen for flybombinga våren og sommaren 2011. Norske F16-fly sleppte 588 bomber over Libya mellom mars og august. Det andre aktive landet var Danmark. Dagens generalsekretær i Nato er nettopp frå Danmark.
Vi får vona at Jens Stoltenberg, om han vert Natos generalsekretær, har lært av krigane i Afghanistan og Libya og vert ein tydeleg kritikar av flybombing som verkemiddel for å skapa demokrati rundt om i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.