Arbeidarpartiet, SV, Raudt, Venstre og MDG vil no alle fjerna abortnemndene og i praksis innføra sjølvvald abort fram til veke 18. Raudt og SV går endå lenger og vil flytta grensa for sjølvvald abort «til dagens yttergrense for lovlig abort», som i dag er 22 veker under visse medisinske vilkår.
Raudt og SVs framlegg bør avvisast klart og tydeleg. Abort så kort tid før fosteret er levedyktig, må avgjerast av medisinsk personell. Framlegget frå dei andre partia om å avvikla nemndene før veke 18, er meir problematisk.
Det er fleire gode argument for at den gravide kvinna sjølv må få gjera det endelege valet. Det er ho som kjenner situasjonen best. Dessutan kan eit møte i ei nemnd i seg sjølv vera ei auka belastning på gravide kvinner i ein vanskeleg situasjon. Då kan det vera betre at kvinnene heller får råd og rettleiing av kvalifisert personell, men at dei sjølve må få ta den endelege avgjersla.
SV viser til at nemndene i 2020 avslo berre 10 av dei 377 søknadene om abort mellom veke 12 og 18. Etter klager stod ein att med to avslag. I praksis vart altså ønsket til kvinna følgt i 99,5 prosent av tilfella.
Kva skal ein då med nemndene? Her er det verdt å lytta til SV-veteranen Kjellbjørg Lunde. I eit intervju med NRK denne veka samanliknar ho abortspørsmålet med retten til aktiv dødshjelp, og seier at det ikkje er vi som einskildindivid, eller nokon i familien, som skal avgjera om ei behandling skal avsluttast når døden nærmar seg.
Ho meiner at vi ikkje bør individualisera abortspørsmålet for mykje, men at samfunnet må ha eit ord med i laget. Lunde meiner at ordninga med dei eksisterande nemndene fungerer bra, og at kvinna i dag i praksis avgjer spørsmålet om abort eller ikkje, men at det juridiske vert avgjort av nemnda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.