Når terroristar vender heimKva gjer vi med dei norske i IS-krigarane i Syria og Irak som no ynskjer hjelp frå norske styresmakter til å koma heim til Noreg? Skal vi aktivt hjelpa dei med å koma heim att?

Publisert Sist oppdatert

Kva gjer vi med dei norske i IS-krigarane i Syria og Irak som no ynskjer hjelp frå norske styresmakter til å koma heim til Noreg? Skal vi aktivt hjelpa dei med å koma heim att?

Trass i ugjerningane desse personane har vore med på eller har støtta, må vi handla prinsipielt: Vi er ikkje rettsleg forplikta til å henta dei ut, men alle norske statsborgarar i utlandet bør få støtte av norske styresmakter – same kva dei har gjort. Såleis òg IS-krigarar og sympatisørar. Vil nokon av dei heim att til Noreg, bør vi medverka til det.

Dessutan har ikkje Syria og Irak kapasitet til å ta hand om alle dei vestlege framandkrigarane – eit argument i seg sjølv for å få dei heim att.

Ved å henta dei påfører vi oss sjølve store belastningar. Fleire av desse personane vil kunna utgjera ein terrorfare i Noreg og Europa. I Tyskland syner oversikter at mange går tilbake til dei radikale islamistiske miljøa når dei kjem ut frå fengsel. Det er likevel grenser for kor lenge dei kan sitja fengsla. Dessutan veit vi at det i fengsla føregår radikalisering og rekruttering av nye IS-sympatisørar.

Men trass i alt har Noreg relativt få IS-krigarar. Truleg er det tale om rundt 50 personar som er att i Syria og Irak. Av desse er kanskje rundt ti kvinner. I tillegg kjem små born som er fødde i Syria eller Irak av framandkrigarane. Dette er såpass få at vi må kunna handtera det.

Utfordringa er langt større for land som Frankrike, England og Tyskland. Der talar vi om hundrevis og kanskje tusenvis. Så mange at det vert svært krevjande å halda dei heimvende IS-terroristane fengsla over tid. Og ikkje minst vil dei få store utfordringar den dagen dei slepp ut. Særleg sidan vi veit at etterretningsorganisasjonane i Europa er overbelasta, og at det i alle høve er særs vanskeleg, om ikkje uråd, å overvaka og ha kontroll på så mange over tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement