Når samvirket sviktar

Publisert

Støtt samvirketanken og kjøp Tine-mjølk – ikkje Q-mjølk! For same kvar du måtte driva gard, hentar Tine mjølka di. Denne henteplikta har ikkje Q-meieria som kom i 2000. Og ryk henteplikta, ryk mjølkebruka utanfor dei store jordbruksområda i landet.

Men støtta til samvirkeorganisasjonane heng i ein stadig tynnare tråd etter kvart som Tine legg ned og sentraliserer meieria. Og Nortura legg ned nok eit slakteri for så å senda dyra endå nokre mil ekstra i slaktebilen, no sist slakteriet i Otta i Gudbrandsdalen.

Det siste utspelet frå Tine, som Nationen skriv om, er at dei har vedteke å leggja ned produksjonen av Balsfjordosten. Denne geitosten meiner Tine det ikkje vil svara seg å produsera lenger, når dei no skal utbetra meieriet i Storsteinnes i Balsfjord kommune i Troms.

Rett nok er det ein liten prosent av geitemjølka som går til denne osten, men nedlegginga er eit nytt lite nederlag for ei geitenæring som treng optimisme og satsing for å kunna klara seg. Det finst mange andre ostar ein kan eta i dette landet, men Balsfjordosten har vorte ei nasjonal merkevare som har synleggjort kvalitetane til geitemjølka, og som kan få folk til å kjøpa andre typar norsk geitost òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement