Når ein vitjar USA, vert ein gong på gong slått av kor store skilnader det er mellom folk – mellom svarte og kvite, mellom rike og fattige. Og ein vert stadig overraska over kor mange som godtek tilstanden og framleis trur på den amerikanske draumen. USA er verkelege annleis enn Vest-Europa, for ikkje å seia Norden og Noreg. Eit av dei mest ulike samfunna i verda smykkar seg med ei sjølvforståing om at alle kan bli sin eigen lukkes smed.
Paradoksalt nok klarte Trump under valkampen i 2016 å profittera på klasseskilja i USA og framstilla seg sjølv som ein talsmann for dei fattige. Og paradoksalt nok kan han koma til å tena på opptøyane i landet no. Dess meir vald og plyndring – dess meir kan han vri situasjonen til eigen fordel og stå fram som ein som forsvarar lov og orden.
Men vonleg har eit fleirtal av amerikanarane no fått nok av Trumps utskjelling av meiningsmotstandarar, uforsonleg tale, overdrivingar, lygner og stadige nedrakkingar av media.
Tidlegare presidentkandidat John McCain stod fram som ein helt i ein konkret situasjon under valkampen i 2008. På eit debattmøte var det ein republikansk veljar som sa ho ikkje kunne stola på Barack Obama fordi han var «arabar». McCain irettesette kvinna og sa at Obama var ein god familiemann og borgar, men ein mann som han var usamd med i viktige spørsmål.
Det er slike ord USA no treng i den brennbare situasjonen landet er i. For språket er med på å forma måten vi ser verda på. Ikkje minst har det vore tilfellet i USA, som fekk si sjølvstendeerklæring i 1776: «We hold these truths to be self-evident...» – ei inspirasjonskjelde til vår eiga grunnlov.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.