Regjeringa ivrar for eit nytt industrieventyr til havs og vil opna for utvinning av havbotnmineral på delar av den norske kontinentalsokkelen. Verda treng stadig meir metall til ulike typar industriproduksjon. Desse metalla er Noreg og Europa i dag avhengige av å importera – særleg frå Kina og Russland. Her kan vi altså både tena gode pengar og sikra tilgangen på viktige metall.
Problemet er berre at slik utvinning på havbotnen kan få store og uventa miljøkonsekvensar. Gjenetablering av faunaen på havbotnen etter ei gruvedrift vil ta lang tid. Difor har fleire instansar åtvara regjeringa mot å setja i gang med slik utvinning.
Særleg er Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet kritiske. I høyringssvaret skriv Havforskingsinstituttet at grunnlagsrapportane for konsekvensutgreiinga regjeringa som har lagt fram, har alvorlege manglar på kunnskap om naturtilhøve og botnstraumar i område der det er tale om utvinning.
Miljødirektoratet meiner at konsekvensutgreiinga som er gjord til no, ikkje er brukande som grunnlag for å vurdera opning for mineralverksemd.
Regjeringa burde difor ha synt ansvar, teke omsyn til alle innvendingane i høyringsrunden og lagt meldinga til sides. Vern om miljø- og naturressursar taper altfor ofte, i store og små saker, i møte med utbyggingar og etablering av ny næringsverksemd.
Som i Vestby, der kommunestyret no vil tillata eit stort Ikea-senter med tilliggjande parkeringsplassar på eit flott jordbruksområde. Eller i Voss, der heradsstyret vil leggja ein ny veg over dyrka mark for å avlasta all biltrafikken til eit stadig større ski- og hyttesenter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.