Når målet er 2 prosent
Donald Trump svingar pisken over Nato-landa som ikkje brukar nok pengar på forsvar, og Noreg lovar bot og betring: Vi skal auka forsvarsutgiftene frå 1,6 til 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i god tid innan 2024. Det same gjer andre irettesette medlemsland, bortsett frå Storbritannia, Hellas og Estland, som alt er i mål med pengebruken.
Noko skurrar. Har ikkje arme Hellas noko betre å bruka pengar på enn forsvar? Med Tyrkia som nabo er kan hende ikkje svaret opplagt, sjølv om båe er Nato-medlemer. Men kva med oss? Noreg kan saktens trenga eit betre og ikkje minst breiare forsvar.
Diverre er det ikkje gjeve at noko blir betre berre av di det kostar meir. Dette er vel kjent for oss som har interesse for til dømes bistand, der målet lenge har vore å løyva 1 prosent av BNP til dei mest trengande landa og folka i verda. 1 prosent av BNP i Olje-Noreg anno 2018 er ei uhorveleg mengd pengar, så mykje at det er uråd å få brukt alt på fornuftige prosjekt – som i regelen er små, enkle og rimelege.
Når eit eittprosentmål innan bistand er til mest hjelp for bistandsparasittar, kva kan ein då venta av eit toprosentmål for forsvaret? Oppgangstid for våpenhandlarane.
Nato-målet for pengebruk på forsvar er såleis best eigna til å gjera Donald Trump til lags og seier lite om kvaliteteten på forsvaret av landet vårt. Men i bistandspolitikken så vel som i forsvarspolitikken oppstår det ein meiningsauksjon der politikarane vil visa betre hjartelag eller større forsvarsvilje enn rivalane sine ved å overby dei.
Om Noreg har Nato-motstandarar att, eller i det minste Nato-kritikarar, lèt dei høyra påfallande lite frå seg for tida. Med Trump som Nato-sponsor, Erdogan som alliert og Jens Stoltenberg som vår eigen natoastmaster er slike røyster sårt sakna i det offentlege ordskiftet.
Ferie for Dag og Tid
Med denne utgåva av Dag og Tid tek bladstova ferie i to veker. Neste avis kjem fredag 3. august.
Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.