Når alt vert «klimavenleg»
«Klimavenleg» – finst det i dag eit meir misbrukt og meiningstomt ord? Etter tiår med talar, lovnader og reklamekampanjar har snart det meste vore «klimavenleg» på eit eller anna tidspunkt.
Norsk oljeproduksjon er «klimavenleg», meiner Statoil-sjefen. Norsk gass er «klimavenleg», ifylgje statsminister Erna Solberg. Dei tungt subsidierte Tesla-bilane på over to og eit halvt tonn er «klimavenlege». Lyntoga er «klimavenlege». Ein tredje rullebane på Gardermoen skal visst òg vera «klimavenleg». Likeins dei nye flya til Norwegian.
Slik kan ein driva på. Og slik kan misbruk av ord og tiltak svekkja heile truverdet til klimapolitikken – og tilliten til at klimapolitikk i det heile er noko å bry seg om.
Biodrivstoff er no det store, drive fram blant anna av Norsk Skogeigarforbund: «Det ligger et enormt potensial i å bygge opp en stor, klimavennlig og internasjonalt rettet industri for biodrivstoff fra norsk tømmer», hevdar direktøren i skogeigarforbundet Erik Lahnstein. «Biodrivstoff er nøkkelen» for å nå måla i Paris-avtalen, seier Arbeidarpartiet.
Men satsinga på biodrivstoff har ein tvilsam klimaeffekt. Det er i all fall ingen nøkkel til å berga klimaet. Om vi har som mål at 20 prosent av verdas energi skal koma frå biodrivstoff, syner prognosen til det internasjonale energibyrået IEA at vi må nytta all verdas dyrka mark, alt beiteland og all skog vi høgg, til denne produksjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.