Munchmuseet på ville vegar

Publisert

Munchmuseet skal i juni stilla ut verk av Edvard Munch i Saudi-Arabia. Men berre eit utval av kunstverka, museet reiser nedover utan nakenbileta hans.

«Når jeg har kuratert denne utstillingen, har jeg hatt en tanke om hvordan Munch kan formidles i en arabisk og muslimsk kontekst. Da unngår man de verkene som man forstår kan være provoserende», seier Lars Toft Eriksen ved Munchmuseet til Dagens Næringsliv, og endrar tittelen på «Kyss på stranden i måneskinn» til «På stranden» i same slengen. Ordet «kyss» vert for sterkt i Saudi-Arabia.

Det heile er parodisk, men likevel ramme alvor. «Når vi ser at noe kan være støtende for publikum, vil vi vurdere hvordan vi forholder oss til det, og eventuelt å gjøre endringer», seier direktør ved Munchmuseet Stein Olav Henrichsen til Dagens Næringsliv.

Men kunsten, som skal kunna provosera og setja viktige tema på dagsordenen, kan ikkje la seg styra på denne måten. Den same Henrichsen legg til at «vi må ha respekt for andre kulturers verdier». Kva med å ha respekt for Edvard Munch? Ville han ha godteke ei ordning av denne typen?

Det burde ikkje vore naudsynt, men vi må her minna om at Saudi-Arabia styrer etter strenge muslimske sharialover. Tortur er vanleg i landet, og mange brotsverk vert straffa med halshogging – til dømes fråfall frå islam.

Det er viktig å kunna medverka til ei endring av dei mellomalderske tankesetta i Saudi-Arabia. Men ein kan ikkje gå på akkord med grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridomen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement