Då Nelson Mandela (fødd 1918) blei fyrste svarte presidenten i Sør Afrika i 1994, hadde Robert Mugabe (fødd 1924) vore president i fjorten år. Då hadde dei mykje å talast om og mykje til felles.
Det har dei snautt i dag. Helsa til Mandela er som kjent skrøpeleg, men han er truleg det mest beundra mennesket i verda. Mugabe, på si side, verkar like sprek som i velmaktsdagane – og meir forakta enn nokon gong.
Då Mandela blei president i 1994, var Mugabe framleis ein akta statsleiar, elska av svært mange landsmenn. Økonomien i landet blømde, og for oss radikale nordmenn var Mugabe framleis ein fridomshelt.
Då Mandela gjekk av som president, hadde han greidd å lækja sørafrikanske sår mellom svarte og kvite som ingen trudde kunne gro, i alle fall ikkje så fort.
Om lag på same tida sette president Mugabe i gang med å bli kvitt dei kvite borgarane av landet sitt. Ved å ta jorda frå dei og gje ho til svarte, landlause som difor stødde og framleis stør han, pusta Mugabe på dei etniske glørne – og øydela økonomien.
Me kan læra mykje av desse to, til og med i Noreg og ikkje minst før eit stortingsval. Mandela gav seg på topp, han hadde gjort det han kunne gjera betre enn nokon annan, og hadde ingenting å missa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.