Regjeringa hevdar at det er Russland som står bak dataåtaket mot Stortinget. Var det klokt av regjeringa å gå ut offentleg og kritisera Russland? Vi tek her for gjeve at regjeringa har klare prov, noko anna ville vera ein skandale.
Følgjene av handlemåten til regjeringa vert store. Dei fyrste har vi alt sett: sinne og påstandar om at russarane sjølve er uskuldige. Den russiske ambassaden kalla det ein alvorleg og medviten provokasjon som vil vera øydeleggjande for tilhøvet mellom Russland og Noreg.
Noreg har alt å tena på å ha eit så godt tilhøve til Russland som råd. Vi treng det i forvaltinga av nordområda. Og ikkje minst for å sikra eit godt økonomisk samkvem – som igjen alltid er viktig for å sikra fred og stabilitet.
Og dessutan, som Karsten Friis ved Nupi seier i avisa denne veka, bør regjeringa no fylgja opp med underbygging, prov og informasjon om kva miljø som står bak. Men det er ikkje lett når det gjeld cyberkrigføring. Sjølvsagt nektar Russland for alt. Det kan visa seg at vi ikkje har oppnådd anna enn at Putin-regimet kan nytta den norske reaksjonen som internpropaganda og eit nytt døme på at Vesten motarbeider Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.