Modige Shabana Rehman

Publisert

Journalisten og fredsaktivisten Carl von Ossietzky vart urettvist dømd i tysk rett for spionasje og landssvik og sat fleire år i tysk konsentrasjonsleir i mellomkrigstida, før han døydde av sjukdom i 1938.

I 1936 fekk han Nobels fredspris, ei av dei modigaste og mest heroiske tildelingane til Nobelkomiteen nokosinne. Ikkje uventa møtte tildelinga kritikk, også i Noreg, der blant andre Aftenposten, Morgenbladet og Nationen var mot tildelinga.

Den norske avdelinga av skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen Pen International har valt å kalla ytringsfridomsprisen deira opp etter Ossietzky. Det er ambisiøst av Norske Pen, for det set store krav til prisvinnaren. Ein må ha synt ekstra sivilt mot ut over det vanlege. Innsatsen må ha kosta noko.

Difor er det gledeleg at Shabana Rehman har fått årets pris. Ho har vore ei uredd kvinne i årevis – trass alle truslane ho har fått, og all trakasseringa ho har opplevd. Det toppa seg i 2005 då det nattetid vart avfyrt fleire skot mot restauranten til familien Rehman i Oslo sentrum. Ingen vart teken for ugjerninga, heldigvis vart heller ingen skadd.

Shabana Rehman har særleg kritisert patriarkalske muslimske æreskulturar, som har hindra mange oppveksande norske jenter med innvandrarbakgrunn i å vere frie til å gjera som dei vil, og kunna delta som sjølvstendige samfunnsborgarar. Denne motstanden mot religiøs og kulturell intoleranse har vore ei kjernesak for Shabana Rehman. Og ho har gjort det på mangfaldig vis, ikkje minst gjennom humor og ironi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement