Mislukka klimastrategi

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har i klimapolitikken satsa på store internasjonale prosjekt for å få ned dei globale utsleppa, heller enn tiltak her heime.

For det er i utlandet dei store utsleppa er, og det er der ein kan få til mest for pengane. Mindre viktig har det såleis vore å få ned norske utslepp. Og det høyrest ut som ein fornuftig strategi.

Men strategien har likevel ikkje gjeve resultat. Som vi skriv om i denne avisa, har den internasjonale kvote-handelen knapt gjeve reduserte utslepp. Det har rett og slett vore for mange kvotar.

Den store regnskogsatsinga har heller ikkje gjeve resultat. Avskoginga i Brasil er aukande, og mykje av pengane til Amazonas-fondet står framleis på bok, og ein har fått til lite i regnskogane i Kongo og Indonesia.

Dessutan har mange av bistandsprosjekta, initierte av Kyoto-avtalen, ikkje hatt nokon effekt på klima-utsleppa. Mange av desse bistandsprosjekta vart svarte-lista av EU i fjor av di dei ikkje heldt mål.

Så når Stoltenberg fortel at «det kostar 1000 kroner per tonn CO2 å la vera å utvikla norske felt, medan det kostar 30 kroner per tonn å berga regnskog», så er det sikkert rett, men konsekvensen av det heile er altså at regnskogen held fram med å minka, og at Noreg tek ut endå meir olje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement