Miseren på Mongstad

Publisert Sist oppdatert

Når soga om statsministerperiodane til Jens Stoltenberg skal skrivast, blir kapitlet om dei norske gasskraftverka eitt av dei styggaste. I 2000 gjekk Stoltenberg saman med Høgre og Framstegspartiet om å kaste Bondevik-regjeringa for å tvinge gjennom konsesjon for gasskraftverk utan reinsing. Kraftverket på Kårstø var ikkje berre dårleg miljøpolitikk, men òg ei gigantisk feilinvestering: Anlegget har vore ute av drift på grunn av låg lønsemd i to år og kan bli nedlagt for godt.

Langt verre er soga om «månelandinga» på Mongstad, forsøket på å reinse CO2-utslepp frå gasskraftverket. Rapporten som kom frå Riksrevisjonen denne veka, utdjupa miseren: Kostnadskontrollen har vore altfor dårleg, planlegginga var svak, og staten mangla verkemiddel for å sikre framdrifta. Å overlate styringa på Mongstad til Statoil medan staten dekte kostnadene, var openbert ein dårleg modell. Det er ein invitasjon til sløsing.

Men det mest alvorlege i rapporten frå Riksrevisjonen er at regjeringa ikkje informerte Stortinget fullt ut om kostnadene. I stortingsproposisjonen om Teknologisenteret i 2009, lagd fram av olje-og energiminister Terje Riis-Johansen, var den venta byggjekostnaden på 4,2 milliardar kroner. Men partnarselskapa og departementet opererte i røynda med eit investeringsbudsjett på 5,9 milliardar – og pengane vart brukte. I svaret til Riksrevisjonen skriv departementet at uvissa om kostnadene heile vegen har vore kommunisert til Stortinget. Men dersom Olje–?og energidepartementet i røynda opererte med to budsjett – eitt overfor partnarane på Mongstad og eit anna overfor Stortinget – er det ei stygg sak.

Denne veka hevda i tillegg Bellona-leiar Frederic Hauge at riksrevisor Jørgen Kosmo medvite utsette publiseringa av rapporten om CO2-reinsing til etter stortingsvalet. Det er ei svært alvorleg skulding. Påstanden er så langt udokumentert, men bør definitivt granskast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement