Mindre makt til Forskingsrådet
Det føregår for tida ein viktig debatt om Forskingsrådet og kva strategi og rolle det skal ha framover. Sjølve er dei ikkje smålåtne. Forskingsrådet vil vera «en markert forsknings- og innovasjonsaktør nasjonalt og internasjonalt, en strategisk investor, en synlig og inkluderende samfunnsaktør og en kunnskapsbasert rådgiver».
Det lyder flott. Men spørsmålet er om ikkje rådet er for ambisiøst på eigne vegner, har fått for mykje makt og heller bør få tildelt færre arbeidsoppgåver – og mindre pengar. Eit for sterkt forskingsråd som sit med mesteparten av forskingsmidlane i landet, er uheldig. Det fører til maktkonsentrasjon og er såleis udemokratisk.
Maktkonsentrasjonen er særleg problematisk sidan det i Noreg er få andre stader ein kan søkja midlar frå. I det heile bør fleire av forskingsmidlane fordelast av universiteta og fakulteta sjølve, med Forskingsrådet som ein kontrollinstans for å hindra kameraderi.
No nyttar forskarar på universitet og høgskular altfor mykje tid og energi på å søkja midlar frå Forskingsrådet. Sjølvsagt må unge forskarar levera ein god søknad for å få pengar, men forskarar som har vore i systemet lenge og levert gode resultat år etter år, må kunna sleppa nye demotiverande søknadsrundar og heller få midlar basert på ein kortfatta søknad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.