«Det er ikke kunnskap, men handlekraft som mangler», «Ikke vente og se, men føre var!», «Bruken av fossile brensler må begrenses», «Økologisk skattereform», «Dyrkbar jord må beskyttes!».
Nei, det er ikkje slagord frå det siste partiprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne. Utsegnene er henta frå overskrifter i pamfletten En ny miljøpolitikk av Kåre Willoch som kom ut i 1996. Pamfletten var Willochs miljø- og klimapolitiske program for å vinna kapplaupet mellom medvitlause øydeleggingar og medvitne bergingstiltak, som han skreiv.
Slagorda er i dag sjølvsagde og ville ikkje vekt merksemd. Men i 1990-åra var det ikkje mange politikarar og fylkesmenn som synte eit slikt engasjement og kom med så tydeleg tale i miljø- og klimasaka som Willoch.
Willoch tok FNs klimapanel på alvor. Han kritiserte politikarar som tala om berekraftig utvikling, men ikkje fylgde opp med konkret handling, og heller la vekt på det dei trudde var «velgernes preferanser for øyeblikket». Og han kritiserte media som medverka til forflatinga ved å leggja større vekt på «maktbevarelse som kriterium for suksess og respekt, fremfor det å stå fast ved prinsipper og mål».
Det var i tida som fylkesmann, etter at han hadde vore stortingsrepresentant og statsminister, han steig fram som samfunnskritikar og fri intellektuell – og fekk ein annan framtoning enn den vi vart kjende med i 1970- og 1980-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.