Regjeringa innfrir ikkje målet om at 1 prosent av bruttonasjonalinntekta skal gå til internasjonal bistand. Det har skapt skarpe reaksjonar blant politikarar og i bistandsmiljøet. «Et svik mot verdens fattige», seier KrFs Dag Inge Ulstein til Bistandsaktuelt. «En fallitterklæring», seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.
Men ein bør kunna vera litt meir edrueleg. På grunn av dei enorme olje- og gassinntektene den siste tida har bruttonasjonalinntekta auka kraftig. Skulle vi i den situasjonen vi er i no, ha innfridd 1-prosentsmålet, måtte bistandsbudsjettet ha auka med nærare 17 milliardar kroner på eitt år.
Ein slik pengeauke er det ikkje lett å nytta på ein fornuftig måte. Å få til god bistand er særs krevjande. Det er nok å syna til dei store bistandsløyvingane til Afghanistan dei siste åra – som ikkje akkurat har gjeve overtydande resultat.
Det er inga direkte kopling mellom kor mykje pengar ein nyttar, og kva ein får til av positiv utvikling. Ikkje sjeldan har pengebruken vore større enn det bistandsmottakarane lokalt har kunna nyttiggjera seg på ein fornuftig måte.
Men det regjeringa kunne ha gjort, sidan vi har hatt så store inntekter, er å gje mykje meir pengar til naudhjelp. Regjeringa burde ha oppretta ein ekstraordinær tilleggspost skild ut frå det ordinære bistandsbudsjettet. Ei slik løyving ville ikkje ha påverka norsk rentenivå og prisvekst.
Pengane kunne gått til FNs naudhjelpsfond. For det er liten tvil om at den verdssituasjonen vi no går inn i, vil auka trongen for internasjonal naudhjelp. Samstundes vil store økonomiske utfordringar i mange av dei tradisjonelle gjevarlanda til FN føra til lægre løyvingar til naudhjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.