Meir til lågtlønte

Publisert

LO krev lønsvekst for alle og eit godt oppgjer for dei med lågast løn. Av dei to krava er det oppgjeret for lågtlønte som gjev legitimitet til ein streik i eit mellomoppgjer som vi er i no – og i ei tid der vi må prøva å motverka endå meir inflasjon og høgre rente. Ein lønsvekst vert fort utlikna ved nye renteaukingar.

Dei lågtlønte treng eit godt oppgjer og høgare løn. Ein person som tener 450.000 i året, som mange gjer, har ikkje ei anstendig løn som ein kan leva av. Då kan ein ikkje lita på at lokale lønsforhandlingar skal sikra auken, slik NHO legg opp til. Mange av dei lågtlønte har ikkje eingong lokal forhandlingsrett.

Sjølv mange av dei låglønsgruppene som har denne retten, får ikkje gjennomslag i dei lokale lønsforhandlingane. Resultatet vert i praksis ein ny reell nedgang i løna. Såleis vil skilnadene mellom folk halda fram med å auka.

Ei slik utvikling må vera uakseptabel i eit land som tradisjonelt har lagt vekt på likeverd og små skilnader mellom folk.

Diverre har det dei siste 30–40 åra gått i feil retning. Frå 1990-åra har leiarlønene auka drastisk, og i altfor mange verksemder har dei no nådd eit meiningslaust høgt nivå, også blant koppelet av mellomleiarar.

Sjølv om leiarlønene i prosent av dei totale lønsutgiftene utgjer lite, skaper dei ein særs uheldig symbol­effekt som øydelegg for nettopp det vi har streva etter i dette landet: eit mest mogeleg egalitært samfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement