JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Meir til Forsvaret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2371
20230505
2371
20230505

Etter den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina har utgiftene til våpen og militærutstyr auka drastisk i Europa. Vi er vitne til ei enorm opprusting og militarisering som kjem til å halda fram i årevis. Ukraina-krigen er eit historisk tidsskilje i internasjonal politikk som har konsekvensar langt utover den konkrete krigen i Ukraina.

Innstillinga frå forsvarskommisjonen som kom denne veka, er eit døme på det. Kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil dobla forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode.

Ting endrar seg fort i internasjonal politikk. Den førre forsvarskommisjonen, som la fram innstillinga si i 1992 og var leidd av Kåre Willoch, hadde ei heilt anna tilnærming: «I 1990-årene vil europeisk sikkerhet i større grad være et spørsmål om politisk organisering […] i mindre grad et spørsmål om bruk av militære virkemidler.»

Willoch og kommisjonen hans meinte at «i steden for faren for militær aggresjon har andre faktorer trådt frem som større utfordringer». I 1990-åra var det dei sosiale, økonomiske og etniske problema i Europa som måtte løysast.

Svaret til kommisjonen i 1992 var ei redusering av Forvarets krigsstyrke frå 326.000 personar til 215.000 i 2008. SVs representant i kommisjonen ville ha ein endå større reduksjon av Forsvaret enn fleirtalet. Historia har synt at det var SV som til slutt fekk gjennomslag. I dag har Forsvaret ein disponibel krigsstyrke på 70.000 personar.

Årets rapport må drøftast grundig i lag med ein debatt om Noregs tryggingspolitiske situasjon. Det trengst meir pengar til Forsvaret. Europa og Noreg må ta eit større ansvar for eigen tryggleik. Eit straks­tiltak er å syta for at dei militære kapasitetane vi alt har, verkar og kan nyttast slik dei er meint. Men summane Forsvarskommisjonen ber om, kjem ikkje til å verta realiserte. Ei slik enorm satsing på Forsvaret vil i for stor grad gå ut over andre tiltak.

For det er nok å bruka pengar på. Akkurat no bør Noreg bidra med meir luftvern til Ukraina. Sist helg sende Russland nye rakettar over landet, med fleire sivile tap som resultat. Som i byen Uman der russiske missil skotne ut frå Kaspihavet trefte ei bustadblokk og drap fleire. Eit godt luftvern er avgjerande for å motverka den russiske terrorbombinga.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis