Meir song i skulen

Publisert

I utkastet til nye læreplanar føreslår regjeringa å fjerna song frå norskfaget. No skal det verta valfritt for norsklærarar i barneskulen om det skal syngjast eller ikkje på skulen. Det skriv nettstaden Framtida. Tidlegare har regjeringa fjerna song frå den overordna delen av læreplanane.

Det vil vera eit stort mistak om allsongen frå skulekvardagen fell ut av skulen. «Syng deg sammen med ditt folk», skreiv Bjørnson.

For songen, samspelet mellom orda og tonane, skaper ein spesiell kontakt mellom menneske. Sjå berre på Anfield i Liverpool når allsongen frå «You’ll Never Walk Alone» ljomar utover stadion.

Så kvifor ikkje heller gå motsett veg og dyrka songen meir i skulen? Der nettopp god kontakt mellom elevane er ei viktig målsetjing. Songane er dessutan ein sjølvsagd del av kulturarven vår. Og det er i praksis berre skulen som kan stå for formidlinga og vidareføringa av denne arven.

Allsongen har vore eit lim i samfunnet. Ikkje berre for nasjonen, men for arbeidarrørsla, ungdomsrørsla og – ikkje minst – for trussamfunna. Ein nasjon treng felles referanserammer som kan binda oss saman. Der er songen viktig, og då held det ikkje at vi kan fyrste verset av «Ja vi elsker» – og knapt det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement