Meir forsking på Europa Noreg har hatt to folkerøystingar om medlemskap i EF og EU, folkerøystingar som dominerte det offentlege ordskiftet i mange år, og begge avrøystingane er historiske tidsskilje i norsk politikk. Då er det eit paradoks at vi har så li

Publisert

Noreg har hatt to folkerøystingar om medlemskap i EF og EU, folkerøystingar som dominerte det offentlege ordskiftet i mange år, og begge avrøystingane er historiske tidsskilje i norsk politikk. Då er det eit paradoks at vi har så lite forsking på europaspørsmål som vi i røynda har.

Det er modig når vi har valt å stå utanfor EU. For nettopp av di vi står utanfor, burde vi ha sikra oss mest mogleg kunnskap om kva som skjer i Europa, og korleis den politiske utviklinga der påverkar oss. Men i tråd med norsk utanrikspolitikk dei siste tiåra har òg det meste av norske løyvingar til forsking om verda gått til å studera heilt andre geografiske område enn vår eigen verdsdel.

No har 15 norske forskingsmiljø bede om ein kraftig auke i den offentlege støtta til norsk europaforsking. På den måten kan ein byggja opp miljø som kan syta for analysar og kunnskap om Europa – og dessutan utdanna studentar med god europakunnskap til glede for norsk forvalting og næringsliv.

Og det er nok av tema å ta tak i: Korleis vil brexit påverka Noreg? Er EØS-avtalen tenleg for Noreg? Korleis vil europeisk energipolitikk sjå ut i framtida? Kva med klimapolitikken? Korleis påverkar flyktningstraumane Europa? Kvar er årsakene til den populistiske framgangen i mange EU-land – særleg i Aust-Europa?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement