Medierapportering over styr

Publisert Sist oppdatert

I Vær varsom-plakaten står det: «Ta hensyn til hvordan omtale av ulykker og kriminalsaker kan virke på ofre og pårørende». Vidare: «Når barn omtales, er det god presseskikk å ta hensyn til hvilke konsekvenser medieomtalen kan få for barnet.»

VG, NRK og alle dei som dekkjer Øygard-saka i detalj for andre gong, vil aldri verta dømde av PFU. Men det tyder ikkje at den detaljerte refereringa dag etter dag, veke etter veke, ikkje er problematisk og kritikkverdig.

Den fornærma er ikkje eit barn, men det er ikkje mykje om å gjera. Ho er enno ei svært ung jente. Difor burde media teke meir omsyn til alderen hennar når dei rapporterer frå saka. Det er ikkje nok å lata vera å nemna namnet. Mediedekninga i seg sjølv vert her ei stor tilleggsbelastning.

Særleg når VG og NRK på nett har funne fram det same nettsideoppsettet som under 22. juli-rettssaka, der det meste av det som vert sagt i rettssalen, vert referert ordrett. Alt godt dramaturgisk lagt opp der alle kan sitja å følgja med frå sin eigen PC time etter time, dag etter dag.

Kva er så grunnen at media er så overivrige i dekninga av denne saka? Er det massive medieopplegget sett i verk for å hindra at retten skal gjera urett og unnlata å døma ein mogeleg skuldig ordførar? Men er det noko som tyder på det – at eventuelle skuldige ikkje skal verta dømde? Tyder ikkje alt på at rettssaka går plettfritt føre seg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement