Media har eit ansvarDå Trump-regjeringa innførte nulltoleranse for alle som prøver å ta seg ulovleg inn i USA, førte det til heilt uakseptable følgjer for dei borna som vert tekne bort frå foreldra. Truleg har no president Trump skjøna alvoret og snur.

Publisert

Då Trump-regjeringa innførte nulltoleranse for alle som prøver å ta seg ulovleg inn i USA, førte det til heilt uakseptable følgjer for dei borna som vert tekne bort frå foreldra. Truleg har no president Trump skjøna alvoret og snur.

Saka har med rette fått stor merksemd. Men det har likevel vore vanskeleg å skjøna omfanget av saka og kva samanheng ho går inn i. Journalistikken og presentasjonen av saka vart fort redusert til tabloide titlar og ingressar utan bakgrunnsinformasjon.

Det som har mangla, og som manglar i mange andre saker som gjeld innvandring, er nøkterne gjennomgangar av heile sakskomplekset. Kva har praksisen vore før? Vart foreldre og born òg skilde under president Obama? Kva er nytt under Trump? Kven er det som vert fengsla? Er det tale om asylsøkjarar eller arbeidsmigrantar? Kven frå Sør-Amerika får asyl i USA? Korleis handterer Europa same type spørsmål? Kva med Noreg?

Særleg i innvandrings- og asylsaker er slike nøkterne gjennomgangar viktige for at folk skal kunne gjera seg eigne meiningar om dei ulike innvandringssakene. Særleg må ein unngå at folk får mistankar om at media underrapporterer og vinklar sakene på spesielle måtar. Skjer det, aukar berre polariseringa og konfliktnivået i debatten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement