Det er urovekkjande å oppleva den hatske splittinga som no rår i det amerikanske politiske miljøet, men òg i heile det amerikanske samfunnet. Denne situasjonen vil få store negative følgjer for amerikansk politikk i lang tid framover, særleg sidan både politikarar og store delar av folket har heilt ulike oppfatningar om kva som er fakta og røyndom.
Demokratane er ikkje utan skuld i den situasjonen som er no. Dei må velja sine kampar betre. Men ansvaret for tilstanden vi opplever, ligg på president Donald Trump. Tonen og retorikken hans er hard og dømande og saknar sidestykke i det vestlege demokratiet. Det er difor trist å sjå at så få republikanarar i Kongressen og Senatet opponerer mot han og ikkje stiller seg meir kritiske til Trumps ulike utspel.
Det var ikkje strategisk klokt av demokratane å stilla president Trump for riksrett. For ingenting tyder på at mange nok, om nokon, i Det republikanske partiet vil snu og røysta for å avsetja presidenten. Såleis vil Trump kunna nytta nederlaget til demokratane til eiga vinning og styrkja seg blant veljarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.