Manglande dømmekraft

Publisert Sist oppdatert

Facebook-meldinga til justisminister Sylvi Listhaug sist fredag med tittelen «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet» var særs uklok og sterkt kritikkverdig.

Orsakinga, då ho fyrst kom, frå statsminister Erna Solberg på vegner av regjeringa var fornuftig og viktig. Men orsakinga kom lovleg seint. Statsministeren burde frå fyrste dag ha gjeve ordre om at meldinga skulle slettast. Her har statsministeren Solberg synt manglande dømmekraft. Ein trong ikkje fleire dagar på å skjøna at meldinga både var upassande og reint sakleg misvisande og ikkje kunne verta ståande som ei melding frå landets justisminister.

Vi bør likevel tru på Listhaug når ho seier at ho ikkje hadde 22. juli-massakren i tankane då ho publiserte innlegget. Men ho må skjøna at ho no er justisminister. Som justisminister, med ansvaret for rettsvesenet og alt lovarbeid, kan ein ikkje tillata seg usaklege og polemiske innlegg i eit så viktig tema som kampen mot terror.

Difor burde ho raskt og tydeleg orsaka innlegget og ikkje provosert ytterlegare ved å seia at ho sletta meldinga på grunn av manglande opphavsrett til biletet.

Dessutan syner ho mangel på sjølvinnsikt når ho på Stortinget i går seier at ho er lei seg for at vi ikkje har fått ein sakleg debatt om ein kan ta den norske statsborgarskapen frå framandkrigarar med dobbel statsborgarskap. Det er jo nettopp innlegg av den typen Listhaug har sendt, som gjer ein sakleg debatt umogeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement