Måling og meining

Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har vi fått ein ny runde med resultat frå nasjonale prøver i norsk skule, og som vanleg blir dette presentert som ei underleg form for noregsmeisterskap. Ikkje berre blir resultata til kommunane samanlikna: Aftenposten slår stort opp at «Søndre Nordstrand slår Trondheim på nasjonale prøver».

Det var ikkje slik det var tenkt. «Offentleggjering av testresultata skal ikkje leggje til rette for rangering av skular», sa stortingsfleirtalet som vedtok å innføre nasjonale prøver i norsk skule i 2003. Det var latterleg naivt. Der ein måler, talfestar og offentleggjer resultat, blir det konkurranse. Og sjølvsagt har målingane blitt eit mål i seg sjølv. Sjølvsagt pregar ønsket om gode testresultat undervisninga, som blir retta inn mot nett den kunnskapen som skal målast.

Oslo-skulen har gått lenger enn andre for å nå opp i konkurransen. Resultata til kvar skule på nasjonale prøver tel med i evalueringa av rektorane og kan påverke løna deira. Oslo-skulane har sitt eige testregime som er langt meir omfattande enn dei nasjonale prøvene. Barneskuleelevane i hovudstaden får skriftleg halvårsvurdering berre i fag det er nasjonale prøver i. Mange Oslo-skular gjev ein stor del av elevane fritak frå dei nasjonale prøvene. Når mange svake elevar blir utelatne, ser jo testresultata betre ut.

Testing av elevar er ikkje gale i seg sjølv. Både lærarar og styresmakter treng kunnskap om læringa til elevane undervegs i skuleløpet. Men når testregimet blir til ein noregsmeisterskap, og testresultata blir framstilte som sjølve målet med skulen, er det ei pervertering. Søkjelyset på testane er så sterkt at mykje av føremålet med undervisninga fell i skuggen. Eitt av hovudmåla med dei nasjonale prøvene skulle vere å finne ut kva slag hjelp den einskilde eleven trong. Det ser ut til å ha blitt gløymt ein stad på vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement