Mål og meining

Publisert

Den store debatten om internasjonalisering, talet på utlendingar og bruk av engelsk ved universiteta og høgskulane våre er viktig og på tide. Temaet har ingenting med ufin nasjonalisme og motstand mot utlendingar å gjera, men er avgjerande for eit lite land som må ta ansvar for eige språk.

For å vita kva vi konkret kan gjera med denne utviklinga, må vi ha god kunnskap om den faktiske situasjonen. Elles vert debatten fort prega av lause påstandar og personlege røynsler.

Det bør difor lagast ein grundig studie om kor stort innslag engelsk har fått ved dei høgare lærestadene våre. Kor mange av dei vitskaplege tilsette kan ikkje norsk? Kor mange av førelesingane på ulike nivå føregår i dag på engelsk? Skjønar studentane godt nok engelsk? Kva er situasjonen i andre land? Har Frankrike og Tyskland strengare krav til språkkunnskapar enn vi?

Og kva tiltak er mogeleg å setja inn? Er det eit urimeleg krav at doktorgradsstipendiatar lærer seg norsk på eit nokolunde nivå. Om vi snur på det, verkar det meiningslaust å reisa frå Noreg til Frankrike for å ta ein doktorgrad på fire år og ikkje læra seg fransk.

Ja, vi er eit lite språksamfunn, men det er ikkje så vanskeleg å læra seg eit språk når ein er ung og skuleflink. Om berre krava vert stilte, vil stipendiatane lett fylgja opp.

Dessutan ynskjer vi jo at dei flinkaste utanlandsstipendiatane vert verande her i landet etter stipendperioden. Det er det større sjanse for om dei har lært seg norsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement