Må unngå storkrig

Det Israel burde gjort, er å sjå på åtaket som eit svar på Israels eiga bombing av Irans konsulat i Damaskus for tre vekar sidan, og la det vera med det, skriv Svein Gjerdåker. Biletet viser Benjamin Netanyahu, statsminister i Israel.
Det Israel burde gjort, er å sjå på åtaket som eit svar på Israels eiga bombing av Irans konsulat i Damaskus for tre vekar sidan, og la det vera med det, skriv Svein Gjerdåker. Biletet viser Benjamin Netanyahu, statsminister i Israel.
Publisert

Kva gjer Israel no etter at Iran sende over 300 dronar, rakettar og kryssarmissil mot Israel? Det første iranske åtaket mot israelsk territorium nokon gong. Åtaket vart massivt og kunne ført til store sivile tap.

Får vi eit motåtak og påfølgjande krig mellom Iran og Israel? Iran er eit ufyseleg regime, og det er sjølvsagt freistande å bomba og øydeleggja alt av Irans atomvåpenprogram. Men risikoen er høg: ein storkrig som involverer heile regionen. Konsekvensane av ein slik krig er knapt til å tenkja på.

Vonleg vil USA og Tyskland, som står for 90 prosent av dei israelske våpena, ikkje tillata at våpena vert brukte i ein direkte krig mot Iran, og såleis hindra at Israel går til åtak.

Men ein eller annan israelsk motaksjon kjem. Motaksjonar ligg som ein ryggrefleks i den israelske utanrikspolitikken. Tenkinga bak er klassisk avskrekkingspolitikk og i og for seg rasjonell. Åtak må gjengjeldast for syna styrke og ikkje gje fiendane førestillingar om at dei har sjanse til å nå fram med våpenbruk.

Kva reaksjon kan vi så få? Eit mogeleg utfall er eit åtak på dei store våpenlagera til Irans allierte, Hizbollah, i Libanon eller Syria, som Cecilie Hellestveit er inne på i dagens avis. Eit slikt åtak vil sjølvsagt ha sivile omkostningar, men vil ikkje skapa same konsekvensar som eit åtak på Iran.

Men det Israel burde gjort, er sjå på åtaket som eit svar på Israels eiga bombing av Irans konsulat i Damaskus for tre veker sidan, og la det vera med det. Det ville vore i tråd med det vi kallar ein realistisk teorimodell i internasjonal politikk. Altså at den israelske bombinga av konsulatet og motaksjonen frå Iran er ei konkret og isolert sak som no er avslutta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement