«Kommunestyret legger det klare rådet ved folkeavstemmingen til grunn og avslutter derved prosessen hva angår kommunesammenslåing.» Det var eit tydeleg vedtak Søgne kommunestyre gjorde 22. juni 2016.
Same dag vedtok Songdalen kommune at dei berre ville gå inn i den nye storkommunen om Søgne ville det. Så i praksis sa begge kommunane nei til samanslåing med Kristiansand denne dagen.
Ein skulle tru at desse vedtaka så vart respekterte. Søgne var ikkje ein liten kommune, med sine 11.500 innbyggjarar ved samanslåinga i 2020. 247 kommunar i landet var mindre på det tidspunktet. Songdalen hadde knappe 7000 innbyggjarar. Det hjelpte likevel lite. Solberg-regjeringa fekk Stortinget med på ei tvangssamanslåing.
Men no kan det altså snu att. Regjeringa har gjeve både Søgne og Songdalen løyve til å halda folkerøysting om dei skal gå ut att av den nye storkommunen. Ikkje uventa møter det stor motstand frå fleirtalet i det nye bystyret i nye Kristiansand kommune. Men både Regjeringa, Stortinget og gamle Kristiansand kommune burde ha respektert vedtaka i Søgne i 2016 og late samanslåinga liggja.
Det skal vektige grunnar til å overprøva lokaldemokratiet. Iallfall frå ein kommune som Søgne, som på ingen måte var prega av fråflytting, forfall og manglande styringsevne.
Påstanden om at regjeringa no også overprøver lokaldemokratiet, held ikkje. Det nye bystyret, dominert av gamle Kristiansand før samanslåinga, kan ikkje avgjera dette spørsmålet. Kjernen i spørsmålet er jo nettopp at folket i dei gamle kommunane sjølve skal avgjera kva kommune dei skal høyra til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.