Liten skilnad på Ap og HøgreDebatten mellom Erna Solberg og Jonas Gahr Støre på NRK denne veka syner på nytt kor liten skilnaden er mellom Høgre og Arbeidarpartiet. Ei av få saker det var usemje om, var helikopterbasen på Bardufoss og om Bell-helikoptera s

Publisert

Debatten mellom Erna Solberg og Jonas Gahr Støre på NRK denne veka syner på nytt kor liten skilnaden er mellom Høgre og Arbeidarpartiet. Ei av få saker det var usemje om, var helikopterbasen på Bardufoss og om Bell-helikoptera skal flyttast til Rygge eller ikkje.
På spørsmål om kva ein skal gjera med mindreårige asylsøkjarar, var skilnaden berre retorisk.

Jo, det er sjølvsagt saker dei er usamde om, som i skattepolitikken. Men Arbeidarpartiet vil ikkje auka skattane meir enn vel 1 prosent eller 15 milliardar av eit statsbudsjett på 1300 milliardar. Og Høgre talar særs lite om skattelette i denne valkampen.

I sak etter sak har dei to partia i dag mykje dei same standpunkta. I klimapolitikken, tempoet i oljeutviklinga, asyl- og innvandringspolitikken, forsvarspolitikken og samferdselspolitikken er likskapen mellom Arbeidarpartiet og Høgre større enn motsetnadane. Ikkje minst i utanrikspolitikken – og særleg støtta til den aktive krigføringa i Afghanistan og Libya.

Difor endar debattar mellom dei to partia fort opp med retorikk og at media etterpå diskuterer kven som vann debatten. Altså kven som ordla seg best, kven som stråla ut mest energi og kven som gav mest tillit. Men alt dette ytre er uinteressant når konkret politikk til slutt skal utformast.

På eit vis har vi to «sentrumsparti i Noreg»: Høgre og Arbeidarpartiet. Høgre har nærma seg Arbeidarpartiet meir enn omvendt. Den store skilnaden på dei to partia går på kven dei vil samarbeida med i regjering – eller ha som støtteparti. Om Høgres allianse med Framstegspartiet – og om Arbeidarpartiet òg skal kunna stø seg på Raudt og MDG for å få til eit eventuelt fleirtal. Såleis får dei mindre partia, som har tydelegare synspunkt i einskildsaker og kvar for seg vil dra politikken i ein bestemt retning, stor innverknad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement