Liten grunn til optimisme
Representantar frå Storbritannia, Sveits og Noreg på klimatoppmøtet i Baku, Cop29.
Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB
Rio 1992, Kyoto 1997, København 2009, Paris 2015, Glasgow 2021, Sharm el-Sheikh 2022 – og i dag, 22. november 2024, blir Baku-toppmøtet avslutta. Klimatoppmøta kjem og går, men resultata har stort sett mangla.
Parisavtalen i 2015 gav ei viss von. Avtalen skulle hindra at temperaturen på kloden aukar meir enn to grader før hundreårsskiftet. Samstundes skal kvart land gjera det dei maktar for at auken ikkje vert meir enn 1,5 grader. Målet var at verda mellom 2050 og 2100 skulle verta klimanøytral.
Det høyrdest så bra ut. Parisavtalen var til og med juridisk bindande. Men han mangla eit vesentleg tiltak: eit strafferegime for dei som ikkje oppfyller måla. Det heile vart til slutt opp til den gode viljen. Då har ein eit problem i internasjonalt samarbeid.
Da denne leiaren vart skriven på torsdag, var det viktigaste temaet på møtet i Baku, finansieringa av klimatiltaka, framleis ikkje avklart. Om det kjem på plass i dag, står gjennomføringa likevel att. Historia gjev i så måte liten grunn til optimisme.
Dessutan finst det ingen enkle løysingar. Det er semje om at det krev ein drastisk reduksjon av bruken av olje, gass og kol – energikjelder som har vore avgjerande for verdas velstandsauke sidan den industrielle revolusjonen tok til. Men det finst ingen samstemte, «rette» løysingar for korleis dette skal gjerast. Og tiltaka vil råka ulikt.
Meir enn nokon gong treng vi eit samspel mellom forsking, teknologisk utvikling og fornuftige tiltak som monar. Vi må unngå tiltak som gjev seg ut for å vera klimavenlege, men som ikkje er det. Det er øydeleggjande for folks tillit og trua på at det nyttar. Og vi treng sanksjonar mot dei landa som ikkje innfrir.
Det krev god leiarskap og politikarar som skjønar alvoret. Slik sett var valet i USA eit stort vonbrot. Sist Donald Trump var president, trekte han USA ut av Parisavtalen. At Framstegspartiet for tida er Noregs største parti på meiningsmålingane, lovar ikkje godt for klimapolitikken her i Noreg heller.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø