JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Libya-mistaket

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2059
20180921
2059
20180921

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg tek knapt sjølvkritikk på det norske bidraget til Libya-krigen og seier til NRK at «vi visste mer enn nok til å fatte de beslutningene vi gjorde og bidra til å stanse forfølgelse av og drap på sivile i Libya».

Det er smått utruleg. Både vedtaksprosessen og sjølve Libya-krigen, som Noreg var ein sentral bidragsytar til, kan ikkje kallast anna enn eit stort mistak – og ein katastrofe for folket i Libya. Landet vart destabilisert og er i dag styrt av militsgrupper der militante islamistar har stort spelerom.

Evalueringsrapporten som Stortinget hadde tinga om den norske innsatsen i Libya-krigen, kom sist veke. Diverre er ikkje rapporten kritisk nok. Utvalet, med tidlegare utanriksminister Jan Petersen som leiar, har lagt seg på ei forsonleg line. Som Kaj Skagen viser i dagens avis, var den britiske rapporten om Libya-krigen langt meir presis og kritisk.

Dag og Tid støtta på leiarplass ei flyforbodssone før krigen starta. Det var ei stor feilvurdering som vi har orsaka seinare. Vi trudde at ei flyforbodssone var nettopp det ordet seier, eit tiltak for å hindra Gaddafi i å bomba sivilbefolkninga i Benghazi.

Men det var naivt. Nato brukte FN-mandatet som skalkeskjul for å hjelpa opprørarane med å velta Gaddafi-regimet. Dessutan var trugsmålet mot sivilbefolkninga i Benghazi overdrive.

Libya-krigen er eit trist kapittel og det største mistaket i norsk utanrikspolitikk etter andre verdskrigen. Heile Stortinget og regjeringa svikta. Særleg er det alvorleg at ikkje Stortinget protesterte då dei såg kva Noreg var med på, der norske fly vart nytta i ein regulær krig mot Gaddafi-regimet. FN gav mandat til å verna sivilbefolkinga mot eit militært åtak. Men Nato og Noreg hadde ikkje mandat til den typen krigføring som dette raskt utvikla seg til.

Evalueringsrapporten til Jan Petersen og utvalet hans kan ikkje bli det siste ordet i granskinga av den norske Libya-krigen. Eit uavhengig utval må sjå på saka på nytt. Om ikkje Stortinget tek initiativet, bør andre gjera det.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis