Lærarar må
kunna seia ifrå
Utspelet til Simon Malkenes i NRKs Dagsnytt 18, der han fortalde om bråket i klassen og argumenterte mot ordninga med fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Oslo, har skapt ein viktig debatt om ytringsfridomen til lærarane.
Denne veka fekk han Varslings- og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer 2018. Juryen gav han prisen for å «peke på og ivareta hans rett som arbeidstaker til å fremme systemkritikk og uttale seg kritisk til egen arbeidssituasjon, uten å oppleve sanksjoner fra arbeidsgiver (…) Det er lærernes ytringsfrihet som juryen har lagt vekt på i tildeling av prisen».
Det skulle ha vore unødvendig å seia, og som Malkenes sjølv legg vekt på, har læraren eit særskilt samfunnsoppdrag. Dei må difor oppmodast om å delta i det offentlege ordskiftet, og dei må kunna få seia ifrå om kva dei meiner om den norske skulen.
Men rektor ved skulen til Malkenes har no reagert med å gje han ei irettesetjing for å ha krenkt elevar ved skulen. Det er ein overreaksjon, sjølv om forma til Malkenes i Dagsnytt 18 ikkje er uproblematisk. Elevar skal kjenna seg trygge på at dei ikkje vert hengde ut i media som døme på negative sider ved norsk skule. Men Malkenes hadde anonymisert elevane nok til at innlegget hans må kunna passera.
Det er ikkje lett å setja klare grenser for kva ein kan tillata av kritikk frå lærarane om eigen skule. Men det er tydeleg at grensene i dag vert praktiserte for strengt, og det er for få lærarar som går ut med kritikk. Utspel av typen som Malkenes stod for, trengst for å få fram konsekvensane av norsk skulepolitikk. I dette tilfellet fritt skuleval, framveksten av A- og B-skular og utfordringa med for mykje bråk i mange skuleklassar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.