JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Lær av Stavanger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1863
20191206
1863
20191206

Samstundes som vi har ein serie i Dag og Tid om digitaliseringa i skulen, kom siste Pisa-undersøkinga denne veka. Ho syner lita endring i kunnskapen til elevane, trass i at talet på elevar som har fritak frå testane, har auka frå 2,7 til 7,9 prosent. Dei med fritak er dei svakaste elevane, så i praksis syner undersøkinga at vi har hatt ein reell nedgang i kunnskap dei siste åra.

Ein kan meina mykje om Pisa-undersøkingane og kva verdi dei har når ein samanliknar resultata med andre land, men Noreg 2019 samanlikna med Noreg 2001 er i alle høve interessant. Trass i innføringa av skulestart for seksåringar og lærarar som stadig må rapportera og fylla ut evalueringsskjema, er den norske skulen altså ikkje vorten noko betre.

Kanskje den store digitale satsinga kan ha noko av skulda? Det er ei satsing som har lite grunnlag i forsking. Som vi skreiv førre veke: Om ein samanliknar resultata frå lesing av same typar tekstar i ulike medium, gjev skjermlesing dårlegare forståing av innhaldet enn om ein les på papir, syner leseforskinga.

Difor bør resten av landet læra av Stavanger. Der har kommunen innført mobilforbod, og ingen i 1. til 4. klasse får sin eigen private PC. PC-en skal no berre takast fram når læraren meiner det er trong for det. Dette er eit fornuftig vedtak og bør utvidast til å gjelda dei eldre elevane òg.

Heile satsinga på bruk av PC i skulen er eit stort eksperiment som ikkje kan forsvarast fagleg. Difor er det vanskeleg å skjøna at Utdanningsdirektoratet ser ut til å vera utan klare synspunkt på nytten av å bruka digitale læremiddel i skulen, og kva tid og kor mykje dei skal nyttast. Direktoratet skriv til Dag og Tid at «skoler og kommuner må vurdere når og hvordan teknologien kan berike undervisingen». Det er ansvarsfråskriving i ei av dei viktigaste skulepolitiske sakene vi har i dag.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis